Hopp til hovedinnholdet

BMW MC-treffet 2019

Arrangeres av BMW MC-klubben Fjordlaget på Bøflaten

1. - 4. august 2019

Treffet i 2019 blir eit "campingplasstreff".

Frukost blir å få kjøpt på campingen, medan middag kan ein få kjøpt på Vangskroa, like ved.

BMW MC-klubben Fjordlaget som arrangerer, vil være på plass tidleg i veka for dei som ynskjer å kome før torsdag.

Bøflaten ligg vakkert til ved Vangsmjøsa i Vang i Valdres.

Campingen har investert betydeleg siste åra i nye hytter, sanitæranlegg og resepsjon.

Vang kommune er eit eldorado for MC-køyring, her er gode moglegheiter for gruskøyring og svingete asfalt!

Bøflaten har ei lang historie med å arrangere MC-treff.

Trollrally blei starta her i 1964. På 70-talet blei Trollrally flytta til Fyresdal, men mange av deltakarane fortsette med å møtast i Vang.

Denne tradisjonen held framleis fram siste helga i august kvart år og gjer dette treffet til landets eldste treff!

Informasjon om overnattingsalternativ får ein ved å henvende seg til Bøflaten direkte eller til BMW MC-klubben Fjordlaget.

Mer info om treffet vil bli oppdatert etterhvert som arrangøren får mer på plass!

Ved spørsmål og ytterlegare informasjon:
Kontakt Eyvind Reme
eyvind.reme@gmail.com / 971 65 705

Siste nytt

For de som vil bruke smarttelefonen sin til navigasjon, tilbyr BMW Motorrad nå ConnectedRide Cradle.

Nytt verksted planlegges

Da lanserer vi nettbutikk for klubben og alle lokalavdelinger. 

Kalender

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.